Hopp til hovudinnhald

Det har vore stilt rundt Ansattporten dei siste månadane, men det betyr ikkje at det er stillstand i prosjektet. Ansattporten som pilot er nemleg klar med både organisasjonsveljar og punktautentisering, både i testmiljøet og i produksjonsmiljøet.

21. oktober 2022

Altinn autorisasjon som autorisasjonskjelde

Vi tilbyr no Altinn autorisasjon som autorisasjonskjelde for våre pilotar. Ingen har foreløpig teke det i bruk, men vi gler oss til å sjå korleis dette fungerer. Etter kvart håpar vi og å kunne tilby Arbeidsgiver- og arbeidstakerregisteret (Aa-registeret) som autorisasjonskjelde.

Første pilot er på i produksjon

Vi har fleire pilotverksemder som er i full gang på vårt testmiljø, og vi har allereie motteke forslag til forbetringar og ynskjer om funksjonalitet. Med utgangspunkt i dette jobbar vi no med å forbetre organisasjonsveljaren.

Husbanken har, som første pilot, teke i bruk Ansattporten i produksjon. Etter planen vil fleire av pilotane gå over i produksjon dei komande månadane. Vi er spent på å få meir trafikk på løysinga og hauste erfaringar.

Arbeid med finansiering

Ansattporten er eit prosjekt som vil krevje store ressursar over tid. Vi arbeider med å få på plass finansiering, og håpar at vi på sikt kan tilby Ansattporten som ei ny nasjonal fellesløysing.