JavaZone 2023 vert arrangert 6. og 7. september i Oslo. JavaZone er verdens største community-drevne Java konferanse. Over 3200 utviklarar møtast i Oslo spektrum for årets konferanse, og Digdir er sjølvsagt på plass. - og ønskjer å treffa deg der!
Digdir deltek med fleire ressursar på årets konferanse, og du finn oss både ved standen vår, og på scena. Der får du nemleg høyra Randi Øyri og Bjørn-Erik Strand fortelja om distribuert tracing i nye ID-porten.
Viktig møteplass
På konferansen møtast teknologar og programmerarar for å lære nye ting, dele kunnskap og sosialiera. I år er det over 3200 påmeldte og 160 foredragsholdarar.
Javazone er ein viktig møteplass for folk med interesse og kunnskap om programvareutvikling. Sjølvsagt er vi der!
Årets tema er "Sirkus", og som på eit sirkus vil også JavaZone vera ein arena der ein får vist fram ferdigheiter.
Me sjåast der!