Hopp til hovudinnhald

Ein veldig spanande første konferansedag på Nokios er over. Eit godt faglig program, fullspekka av både læring og inspirasjon er stikkorda som går igjen.

Oppretta: 23. oktober 2024 Sist endra: 25. oktober 2024

Digdir er godt representert på Nokios, og vi tykkjer det er veldig kjekt å møte mange av våre kundar og leverandørar ansikt til ansikt.

Dagen starta med Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung og eit sterkt panel fra offentleg og privat sektor, som tenkte høgt om digitaliseringsstrategien. Statsråden framheva viktigheita av sterkare styring og prioritering i digitaliseringa av Norge. Digdir-direktør Frode Danielsen fylgde opp med forsterka bodskap og behovet for eit vegkart for å realisera strategien.

Digdir på stand

Digdir sin stand har hatt mykje besøk, og mange er nysgjerrige på våre fellesløysingar. Særlig fokus har det vore på fyrlyktpris-nominerte Maskinporten. Den er ein av tre finalistar til prisen som vert delt ut under konferansemiddagen i kveld.

Mange spanande innlegg

Nokios er fullspekka med spanande innlegg, sesjonar og presentasjonar, der mellom anna Mari Jøndahl og Finnur Olafsson presenterte nye moglegheiter i Altinn og at dette bidreg til eit taktskifte i digitaliseringa.

Under kan du sjå ein bildekarusell frå dagen på Nokios.