Hopp til hovudinnhald

I mars kjem nye ID-porten på ny plattform og i løpet av 2023 skal alle integrasjonar flyttast frå gamle til nye ID-porten.

23. februar 2023

Kva må du førebu?

Vi anbefalar at du, eller nokon frå di verksemd, loggar inn på Samarbeidsportalen og tek ein kikk på kva aktive integrasjonar de har på ID-porten. Merk dykk kva integrasjonstypar de har og om dei er knytt til ein leverandør. Dette vil ha betydning for når og korleis integrasjonane skal flyttast.

  • SAML-integrasjonar vert automatisk flytta i 3. kvartal 2023 (tentativt 26.9).
  • OIDC-integrasjonar må de sjølv flytte, de vil få tildelt eit tidspunkt for flytting.
  • Om integrasjonen er knytt til ein leverandør vil leverandøren kontakte dykk med informasjon om flytting, de treng ikkje kontakte leverandøren no.

Sjå korleis du går fram for å få oversikt over integrasjonane til di verksemd

Thor Kristian Sortevik viser korleis ein kan få oversikt over integrasjonane sine på Samarbeidsportalen.

Kontakt

Servicedesk