Hopp til hovudinnhald

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

I desse dagar ventar mange på å motta årets skattemelding og 1. mars var og fristen for å søke vidaregåande opplæring. Felles for dei begge er at dei nyttar ID-porten som innlogging.

Laga: 24. mars 2025
nøkkel på tastatur

I desse dagar får fleire millioner nordmenn skattemeldinga si digitalt, og tidlegare i månaden var det søknadsfrist for vidaregåande opplæring til hausten, der mange tusen 10. klassingar har hatt sitt første møte med det offentlege og bruk av ID-porten. I april er det søknadsfrist for høgare utdanning.

Fellesnemnaren for alle desse er at ID-porten autentiserer, og sikrar innlogging på ein sikker og brukarvenleg måte.

Ein pålogging - mange moglegheiter

I ein verden prega av usikkerhet er det trygt og enkelt for innbyggar å forholde seg til ein løysing for innlogging til offentlege tenester. ID-porten vert nytta innafor skule, utdanning, helse og mange kommunale tenester. Svært mange av innbyggarane har eit forhold til, og brukar, ID-porten ofte. I februar var det i gjennomsnitt 900 000 innloggingar med ID-porten per dag.