Ansattporten har vore i pilot ein periode og det er no tid for å evaluere og finne ut om den svarar ut dei behova verksemdene har.
Kartlegging og sluttbrukerundersøking
I august og september skal vi i Digdir gjennomføre kartleggingssamtalar med dei som har vore pilotar. Vi skal blant anna sjå på i kva grad pilotane opplevde nytte av Ansattporten i pilotperioden, og om det er hensiktsmessig å gå vidare med Ansattporten slik den er designa i dag.
Vi skal og gjennomføre ei sluttbrukarundersøking der dei som har brukt Ansattporten til tilsettpålogging får dele sine erfaringar.
Evalueringsrapport
Med bakgrunne i desse undersøkingane vil vi ferdigstille ein erfaringsrapport og kome med våre anbefalingar for vegen vidare.