Hopp til hovudinnhald

Tysdag 23. januar flyttar vi SAML og fredag 23. februar vert gamle ID-porten avvikla. No er det nye ID-porten som gjeld!

17. januar 2024

SAML-flytting 23. januar

Det er berre nokre dagar att til vi flyttar SAML-tenestene over på nye ID-porten. Det er viktig at dei av dykk som held fram med SAML-tenester testar at dei vil fungere på den nye SAML-proxyen.

Vi minner om at SAML vil avviklast på sikt og anbefalar at de planlegg overgang til OIDC så snart de kan.

OIDC avvikling 23. februar

Vi nærmar oss og avvikling av OIDC-provider (gamle ID-porten). Tenester som ikkje er flytta til nye ID-porten når vi avviklar OIDC-provider vil slutte å fungere. For å få tilgang att må integrasjonen direkte integrerast mot nye ID-porten.

Status på migrering

Førre veke gjekk 91,5% av all trafikk på nye ID-porten. Takk til alle som har helde fristen og migrert tenestene sine etter planen.

Same veke var det 827 tenester som hadde innloggingar på gamle ID-porten. Mange av desse har bedt om ekstra tid og vil vere ferdig migrert i god tid før avvikling. Andre verksemder har sagt dei skulle flytta før 31.12.23, utan å gjere det, og eit fåtal har vi ikkje fått tilbakemelding frå.

Dei som er i flytteprosess no vil kanskje merke at det kan ta litt tid å få svar frå vår Servicedesk. Grunnen er at vi får mange førespurnadar om migrering til nye ID-porten og ein del er tidkrevjande å svare ut. Alle får hjelp, men det kan ta litt tid. Vi minner om at vi har ein Slack-kanal der de kan kome i direkte dialog med våre utviklarar. Har de tekniske spørsmål anbefalar vi at de nytter denne kanalen. Ta kontakt med Servicedesk om vi skal legge deg til i denne Slack-kanalen.

Kontakt

Servicedesk