Hopp til hovudinnhald

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

ID-porten

Her finn du informasjon om endringar og kva kundar som brukar ID-porten må gjere i samband med overgang til ny systemarkitektur.

Laga: 29. juni 2022 Sist endra: 18. mars 2024

ID-portener no flytta til ny plattform

ID-porten er frå 26.februar flytta over til ny driftsplattform.

Migreringa vart gjennomført etter planen.

Den nye arkitekturen vil vere basert på Kubernetes-platform der vi trekk inn SaaS-tenester der det er hensiktsmessig. “Hjartet” i den nye løysinga vil vere basert på ein moderne Oauth2/OIDC-autorisasjonsserver frå Connect2Id.

Endringar

  • Høve til innlogging utan single sign-on (SSO)
  • Strengare krav til sikkerheit
TESTMILJØ
VER1 miljøet vert skrudd av15.06.2023
Gammal OIDC-provider i TEST vert skrudd av08.01.2024 kl. 09.00
PRØVEDRIFTDato

Den nye OIDC-issueren er gjennom-testa og settast i produksjon, klar for reelle tenester. Driftsplatforma vil vere godkjent for 24/7-drift, og informasjonssikkerheit vil vere på plass, på lik linje med dagens løysing.

I denne fasen kan det oppstå mindre “innkøyringsproblem” medan vi bygger hands-on-erfaring med den nye løysinga. For at prøvedrifta skal bli vellykka, er vi derfor heilt avhengige av at eit tilstrekkeleg antal kundetenester tar løysinga i bruk tidleg.

Nye integrasjonar vil bli pålagde å bruke ny løysing, men vi ynskjer og at mange eksisterande integrasjonar flyttast.

14.03.23
ORDINÆR DRIFTDato
Den nye OIDC løysninga har no nødvendig funksjonalitet på plass. Migreringsperioden er i gang, og alle OIDC-integrasjonar må flyttast innan utgangen av desember. Kundar som er avhengige av SSO med andre, må koordinere migrering seg imellom (Eksempel: dei som har SSO til Altinn, må vente til gamal OIDC er flytta).26.06.23
OIDC OMRUTINGDato
All OIDC-trafikk på gamal plattform vert ruta over til nye ID-porten. Det er no Single sign-on mellom gamal og ny OIDC-løysing. Sjølv om trafikken er ruta over må likevel alle tenester flyttast til nye ID-porten

21.11.23

SAML FLYTTINGDato

Alle SAML-integrasjonar flyttast saumlaust frå gamal OpenAM til ny Proxy-løysing.

Opplever de problem med SAML-tenester? Finn meir informasjon her.

23.01.24 kl. 07.00

SANERINGDato
Vedlikehald med nedetid på OIDC-provider i forbindelse med dekommisjonering av gammal plattform - Sjå Status Digdir06.02 - 07.02.2024
Den gamle OIDC-issueren vert skrudd av. OIDC-integrasjonar som ikkje har migrert til ny issuer, vil slutte å fungere. 26.02.2024 kl. 14.00