Hopp til hovudinnhald

Flytting av tenester til nye ID-porten er i full gang. De som nyttar API-klientar må no migrere dykkar tenester, fristen for flytting er 31.12.23.

17. november 2023

Kva er ein API-klient?

Ein API-klient er ein klient som brukar scope frå ein 3. part i forbindelse med innlogging i ID-porten, eksempelvis KRR og MVA-validering.

Bruk av KRR-scope

KRR har både nye scopes og endepunkt på den nye plattforma.

Klientane må oppdaterast med nye scopes og kan ha både nye og gamle scopes samtidig.

Klientar vert synkronisert omlag kvart 10. minutt frå gammal til ny plattform. Det kan difor ta inntil 10 minutt før endringar på klienten trer i kraft.

KRR-endepunkt må oppdaterast både i test og produksjon

Testmiljø
Frå:https://oidc-ver2.difi.no/kontaktinfo-oauth2-server/rest/v1/person
Til:https://test.kontaktregisteret.no/rest/v1/person
Produksjonsmiljø
Frå:https://oidc.difi.no/kontaktinfo-oauth2-server/rest/v1/person
Til:https://kontaktregisteret.no/rest/v1/person

Slik migrerer du

I førespurnaden mot ID-porten byter du til nye scopes. Førespurnaden vert sendt til nye ID-porten sitt /authorize endepunkt.

Førespurnaden til KRR sendast til nytt KRR endepunkt.

Vi anbefalar at de migrerer i testmiljøet først. Det er dei same stega som må utførast i test og produksjon.

Migrering ved bruk av andre scope

Førespurnad mot ID-porten sendast til nytt endepunkt.

Testmiljø
Frå:https://oidc-ver2.difi.no/idporten-oidc-provider/.well-known/openid-configuration
Til:https://test.idporten.no/.well-known/openid-configuration
Produksjonsmiljø
Frå:https://oidc.difi.no/idporten-oidc-provider/.well-known/openid-configuration
Til:https://idporten.no/.well-known/openid-configuration

Dersom du får eit token frå ID-porten, men dette blir avvist av API-tilbyder, må du kontakte API-tilbydar.

Kontakt

Servicedesk