Ny systemarkitektur
Digdir sitt prosjekt for ny systemarkitektur sikrar at vi i framtida kan handtera høgre volum og større trafikk i løysingane våre, og legg til rette for nye bruksområder.
Overgang til ny systemarkitektur - kva må du som kunde gjere?
Overgang til ny systemarkitektur vil få konsekvensar for alle som brukar fellesløysingane som er omtala på denne informasjonssida. Digitaliseringsdirektoratet har difor etablert eit prosjekt for å ivareta våre kundar og sørge for ein ryddig og oversikteleg overgang.
Generelt om overgang
Alle tenester vil få nye IP-adresser. Dei nye IP-adressene finn de under den enkelte leveranse.
Testmiljøa (VER1, VER2 og YT2) slåast saman til eitt testmiljø (TEST).
- Kundar må konsolidere integrasjonar
- Testmiljøet får same ytelse som produksjonsmiljøet
- Som hovudregel er det VER2-data som vert migrert
Kundane sine oppgåver i prosjektet
Fleire detaljar finn du i vår tekniske dokumentasjon
Milepælsplan
Prosjektet har mange leveransar, desse er beskrivne under "kundane sine oppgåver i prosjektet" lengre opp på sida.

Detaljer om overgang og tekniske endringar
Produkteigar for ID-porten, Jørgen Binningsbø, heldt eit innlegg om ny systemarkitektur på Integrasjons- og sikkerhetsforum den 7. desember. Der presenterte han blant anna ein detaljert gjennomgang for korleis overgangen skal skje, og går spesielt gjennom dei tekniske endringane som de som kundar må vite om og ta hensyn til. Eit opptak av innlegget kan du sjå her.
Innlegg om ny systemarkitektur på Integrasjons- og sikkerhetsforum.
Webinar
I forbindelse med prosjektet for ny systemarkitektur og flytting til nye ID-porten vil Digdir lage ein serie med webinar.
Sjå opptak av våre tidlegare webinar
Kvifor ny systemarkitektur?
For fellesløysingane har det kontinuerleg vore stabil stor vekst. Både større volum og trafikk i løysingane, men og eit behov for nye bruksområde for kundane våre. Vi har ein forventing om at denne veksten held fram for alle våre fellesløysingar. I tillegg ser vi trendar i marknaden med fokus på skyteknologi, DevSecOps, raske og smidige syklusar frå ide til produksjon. Utviklinga skal skje i fart, medan vi opprettheld den stabile drifta som kundane er avhengige av og forventar.
Den nye systemarkitekturen bygger på ein ny driftsleveransemodell. Vi har signert ein avtale med Tietoevry som skal vere vår drift- og kompetansepartnar. Tietoevry vil bli ein samarbeidspartnar for oss og skal hjelpe oss å ta gode val. Dei skal og bidra til å finne eit godt samspel mellom eigenutvikla komponentar, standardprodukt og innkjøpte tenester.
Effektmål
Prosjektet skal legge til rette for overgangen til ny skybasert arkitektur og driftsplattform og har følgjande effektmål:
- Fleksible driftsavtalar som tar høgde for Digdir sine behov over tid.
- Stabil drift med høg oppetid.
- Legge til rette for auka endringstakt og innovasjonsevne.
- Bruk av framtidsretta teknologi.
- Skalerbar på ytelse og ny funksjonalitet.
- Kostnadskontroll på kvar fellesløysing.
- Støtte visjonen og produktstrategien for den enkelte fellesløysing.