I juni har vi installert Maskinporten i kundetestmiljøet på ny driftsplattform. Vi har gjennomført regresjonstestar og innleiande ytelses-, stabilitets- og stresstest, alt med godt resultat. Førebuinga til akseptansetest er i rute.
Arbeidet med ID-porten er i gang
Vi har starta arbeidet med ID-porten leveransen. Minimumsfunksjonalitet for pilot er identifisert og utvikla. Testførebuingane er i gang.
Vi tek sikkerheit på alvor
Sikkerheit er ein svært viktig del av prosjektet. Denne veka har vi gjort ein tildeling til ein ekstern part som skal bistå oss med sikkerheitstesting av eID-komponentar på ny driftsplattform.
Meir informasjon på Samarbeidsportalen
På Samarbeidsportalen finn du informasjon om kunden sine oppgåver i prosjektet, det er beskrive kva du som kunde må gjere og når. I tillegg finn du blant anna leveranseplan og generell informasjon. Samarbeidsportalen vert oppdatert fortløpande.
Les meir om innføring og overgang til ny systemarkitektur
Tid for ferie
No nærmar det seg sommarferie for dei aller fleste i prosjektet. Vi tek nokre velfortente ferieveker, og er tilbake i august.
God sommar!