Digdir sitt prosjekt «Ny systemarkitektur ID-porten» skal legge til rette for eit teknologskifte for eID-porteføljen vår, og alle våre eigenutvikla fellesløysingar på sikt. Her kjem løypemeldinga for status i mai.
Les om bakgrunnen for prosjektet
Konkurransegrunnlaget er under arbeid
Gitt Schrems II-dommen sine avgrensingar for bruk av public cloud og behandling av personopplysningar har prosjektet jobba med ei alternativanalyse. Dette er knytt til kva prosjektet anbefaler bør vere underliggjande sky-basert driftsplattform for dei driftstenestene som bør inngå i anskaffelsen. Tilrådingane er ferdigstilt av prosjektet, og konklusjonane har fått tilslutning i styringsgruppa. Som følgje av dette er revideringa av billaga i konkurransegrunnlaget no under arbeid.
Vi tek sikte på å lyse ut konkurransen innan 1. juli, med forlenga tilbodsfrist ei stund etter sommarferien. Som følgje av lova om offentlege anskaffelsr kan vi ikkje offentleggjere konklusjonen frå alternativanalysen før konkurransegrunnlaget er publisert.
Endring i planane måtte til
Det er gjennomført re-planlegging av omskrivingsarbeidet av eID-porteføljen til ny sky-basert systemarkitektur. Gjennom arbeidsmøte har ein revidert estimeringa av ulike aktivitetar, samt drøfta avhengigheiter mellom ulike oppgåver. Det blei også diskutert realistiske migrering- og oppstartsdagar. Omskrivinga blir støtta opp av det midlertidige driftsplattformteamet (DPT), med blant anna arbeid knytt til køyre- og byggjemiljø.
Haustar erfaringar med eFormidling
Produktteamet til eFormidling har dei siste 6-8 månadene jobba med å utforske mogelegheiter, samt prøvd ut konsept med kontinuerleg leveranse. Dette er blitt fasilitert av prosjektet i oppstartfasa, og er interessant inn mot prosjektet sine effektmål rundt DevSecOps som ein felles kultur for både utvikling og forvaltning, og tilrettelegging av auka endringstakt og innovasjonsevne.
Ein felles intern fagtime er planlagt i juni for å dele erfaringane, og drøfte korleis ein kan bygge vidare på konsepta.