Hopp til hovudinnhald

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

31.12.23 er fristen for å flytte OIDC-tenester og API-klientar til nye ID-porten. Alle som har OIDC-tenester på gamle ID-porten må flytte desse før vi avviklar gamle ID-porten i første kvartal 2024.

Laga: 11. desember 2023 Sist endra: 19. desember 2023

Ein viktig milepæl

Tysdag 21. november var ein viktig dag for prosjektet, då ruta vi om all OIDC-trafikken til nye ID-porten. I tillegg migrerte mange av dei største tenestene denne dagen. Sidan då har vi hatt 90% av all trafikk på nye ID-porten, og det går strålande.

Siste innspurt

Før vi avviklar gamle ID-porten er det viktig at alle som har OIDC-tenester og API-klientar som framleis køyrer på gamle ID-porten migrerer desse. Tenester som ikkje vert flytta sluttar å fungere når vi skrur av gamle ID-porten.

SAML-proxy er klar i testmiljøet

SAML-proxy er no klar i testmiljøet. Alle som skal bruke SAML-tenester etter 23.01.24 må teste for å verifisere at tenestene vil fungere etter SAML-flyttinga.

Produksjonsmiljøet for SAML er klart

Produksjonsmiljøet er klart for dei som ynskjer å gå i produksjon før 23. januar. Då gjer de som følgjer:

  1. De må gå mot vår nye IDP: https://saml2.idporten.no/idp6
  2. Metadata for idp6 kan de laste ned her: https://saml2.idporten.no/idp6
  3. Vi bruker same sertifikat på idp6 som vi har på idp5

Dei som ventar til 23 januar vil automatisk blir ruta over til nye ID-porten og eksisterande IDP (idporten.difi.no-v5)

Det er altså ingen endring i våre metadata og sertifikat

OIDC-provider i test

8. januar kl. 09.00 slår vi av gammal OIDC-provider i test. Alle som går mot gammal OIDC-provider (https://oidc-ver2.difi.no/) må integrere seg mot nye ID-porten TEST (https://test.idporten.no).

Webinar

5. desember gjennomførte vi webinar nummer 8 om flytting til nye ID-porten. I dette webinaret gav vi dykk siste status og Norsk helsenett delte sine erfaringar frå då dei migrerte Helse norge.