Hopp til hovudinnhald

Nye ID-porten er klar i både test og produksjon. Ein del kundar er i gang med testing og nokre har flytta tenester over i produksjon.

05. mai 2023

Vi ynskjer meir trafikk

I to veker har nokre mindre tenester vore i produksjon på nye ID-porten. Dette går veldig fint, og nye ID-porten fungerer som den skal. Fleire tenester planlegg å flytte i løpet av dei næraste dagane, når vi no har fått på plass funksjonalitet for valfri bruk av PKCE. Har de OIDC tenester som ikkje er kritiske eller avhengige av single sign-on ynskjer vi at de flyttar dei no.

Lite trafikk i testmiljøet

Nokre verksemder ser ut til å vere godt i gang med testing, men dei aller fleste har ikkje vore inne i testmiljøet enda. Om de ikkje har starta å førebu migrering, så anbefaler vi at de startar i dag. Jobben må gjerast før desember, og all erfaring tilseier at det ikkje vert ein roleg haust.

Vi er klare til å hjelpe

Vi har ressursar som er klare til å hjelpe og de finn mykje informasjon på Samarbeidsportalen. Vi har ein eigen Slack-kanal for tekniske spørsmål, denne er tilgjengeleg for dei som nyttar betalt Slack som kan koblast på via Slack Connect. Send ein e-post til Serviceesk om du ynskjer tilgang til denne.

Komande leveransar

I mai vil Digdir jobbe mykje med MinID, som består av fleire leveransar, siste leveranse er planlagt 15. mai.

Vi vil og ha fokus på nye ID-porten, som frå 30. mai skal leverast med full SLA. All nødvendig funksjonalitet vil då vere på plass medan funksjonalitet som blir nytta av eit fåtal kundar og ikkje er kritisk kan bli tilgjengeleg på eit seinare tidspunkt.

Kontakt

Servicedesk