Vi er godt i gang med førebuing og arbeid i mottaksprosjektet og har fokus på å sikre god kvalitet. Dialogen og samarbeidet med driftspartner fungerer stadig godt.
Første leveranse er maskinporten
Maskinporten er den første tenesta som skal over på ny løysing. Vi er godt i gang med testing og planen er at denne skal i produksjon allereie i september. Maskinporten vert ei rein DNS flytting på ein gitt dato og kundane må opne for ny IP-adresse i sin brannmur. Vi vil informere om ny IP-adresse så fort vi har denne på plass, slik at dette kan gjerast i god tid i førevegen.
Overgang til eit ver-miljø
I forbindelse med ny løysing skal vi over til å berre nytta eit ver-miljø. Ei stund før produksjonssetting vert Ver2 flytta til ny plattform, samtidig som Ver1 vert avslutta. Vi vil kome tilbake med informasjon om overflytting både til dei som skal over frå Ver1 til Ver2 og dei som skal over på Ver2 i ny løysing.
Vi arbeider med informasjon til våre kundar
Vi arbeider no med å få oversikt over og kartlegge informasjonsbehovet til våre kundar. Det er definert 10 leveransar i prosjektet dei neste 15 månadane, nokre er svært viktige for våre kundar og nokre mindre viktige. Vi vil informere i god tid slik at dei som vert råka veit kva som skal skje når, og har tid til å førebu seg. Informasjon vil bli publisert fortløpande på Samarbeidsportalen. De kan og følgje Samarbeidsportalen på Facebook for å halde dykk oppdatert.