Hopp til hovudinnhald

I oktober har farten på migrering teke seg noko opp. 888 verksemder har til no flytta 1665 tenester til nye ID-porten. Mange er godt i gang med arbeidet, nokre er ferdige og nokre byrjar å få dårleg tid.

06. november 2023

Webinar i oktober

5. oktober gjennomførte vi webinar nummer 6 om flytting til nye ID-porten. Dette omhandla viktige datoar og informasjon om flytting.

17. oktober gjennomførte vi webinar nummer 7. Dette var eit Teams-møte for utviklarar og andre tekniske ressursar der det var mogleg å stille spørsmål.

Vi nærmar oss omruting av OIDC

21. november klokka 06.30 skal all OIDC-trafikk på gamal plattform rutast til nye ID-porten, og frå dette tidspunktet køyrer all OIDC-trafikk på nye ID-porten. Det vil då vere Single sign-on (SSO) mellom alle OIDC-tenester.

Sjølv om OIDC-trafikken går på nye ID-porten må kundar og leverandørar som ikkje har flytta OIDC-tenestene sine til nye ID-porten gjere det. Fristen er 31.12.23.

21. november flyttar mange av dei store kundane over på nye ID-porten, der i blant Skatteetaten, Statens vegvesen og Registerenheten i Brønnøysund.

23. november flyttar Altinn (Digdir), KS og Digipost (Posten). Desse verksemdene har no skrive om alle tenestene sine frå SAML til OIDC.

Ingen SSO mellom SAML og OIDC

Dei som framleis brukar SAML vil frå 21. november miste SSO til alle OIDC-tenester. SSO vil vere utilgjengeleg på SAML-grensesnittet fram til ny SAML-proxy er i produksjon 23. januar 2024.

Siste frist for flytting

I dag er det 34 arbeidsdagar att til jul, og like mange dagar att å flytte tenestene sine over på nye ID-porten, om ein då ikkje ynskjer å bruke romjula til dette.

For dei av våre kundar som ikkje har starta dette arbeidet så byrjar det å haste. Treng du hjelp for å kome i gang, ta kontakt med oss på Servicedesk.

Kontakt

Servicedesk