Digdir sitt prosjekt «Ny systemarkitektur ID-porten» skal legge til rette for eit teknologskifte for eID-porteføljen vår, og alle våre eigenutvikla fellesløysingar på sikt. Les siste nytt her.
Les om bakgrunnen for prosjektet
Tilbodsfristen nærma seg
Vi er godt i gong med prosessen å anskaffe ein drift- og kompetansepartner. Konkurransen Skybasert drift- og kompetansetenester for Digdirs fellesløysingar vart lyst ut før sommaren, med frist for å levere anmodning om kvalifisering 16. august. Fristen for å levere tilbod er sett til 1. oktober. I haust kjem vi til å evaluere tilbod, samt gå i forhandlingar med aktuelle leverandørar. Vi tek sikte på å signere kontrakt på nyåret.
Moderniseringsarbeidet i rute
Omskrivinga til ny skybasert systemarkitektur for eID-porteføljen held god fart, og jobbast med kontinuerleg. Her er eit innblikk i nokre av områda som vi jobbar med no:
- Connect2Norway løysninga er levert og har stabil drift.
- Ansattporten er i oppstart- og planleggingsfasen. Teamet vil ha fokuset på id-integrasjon, spesielt med eID.
- Teamet som moderniserer Eventhandtering/statistikk-løysningar og funksjonalitet er ferdige med behovsfasen, og har byrja med sjølve løysninga. Der ser ein blant anna på statistikk-API i sky.
- Moderniseringa av MinID er i gong, ved å blant anna utforske og utvikle en demo for MinID appløysning.