Hopp til hovudinnhald

Maskinporten

Her finn du informasjon om kva kundar som brukar Maskinporten må gjere i samband med overgang til ny systemarkitektur.

Endringar

  • Det vert ingen endring i URL-endepunkt eller signeringssertifikat
  • Migrering skjer ved DNS-flytting -> Ny IP-adresse (og TLS-sertifikat)

Maskinporten er no flytta til ny plattform

Maskinporten er frå 7. februar flytta over til ny driftsplattform. Migreringa vart gjennomført etter planen.

Les våre tips om de har problem etter migreringa

Testmiljø - Aktivitetar

I tabellen under finn du kva du som kunde må gjere når du skal ta i bruk TESTMILJØET til Maskinporten.

FØREBUANDE

Frist

VER1 stenger for nye integrasjonar.

09.10.22

Ny maskinporten for kundetesting på ny plattform går i drift (https://test.maskinporten.no).

Kundar som ynskjer tidleg utprøving kan bruke denne no.

09.10.22

MIGRERING AV VER2

Frist

VER2 vert flytta frå gamal til ny platform.

Alle kundar vert flytta saumlaust, men det må opnast for ny IP-adresse dersom verksemda har utgåande brannmur.

Range for kundetestmiljø: 139.105.36.128/27
Maskinporten kundetest: 139.105.36.132

05.01.23

MIGRERING OG UTFASING AV VER2-MILJØET

Frist

API-tilbydarar må i løpet av migreringsperioden endre sine API til å stole på TEST og VER2 i parallell.

Alternativt kan de byte “hardt” over til TEST, men de må då koordinere at eigne konsumentar i testmlijø byter samstundes.

Frå dags dato - Q3 2023

API-konsumentar må endre sitt system til å hente tokens frå TEST istadenfor VER2.

Frå API-tilbydar godtar tokens frå test.maskinporten.no (TEST)

VER2 blir skrudd av.

Q3 2023

VER1 OG YT2 BLIR FASA UT

Frist

Maskinporten i VER1 og YT2 vil ikkje bli flytta til ny platform, og vert avvikla.

31.05.23

Produksjonsmiljø - Aktivitetar

I tabellen under finn du kva du som kunde må gjere når du skal flytte over til ny systemarkitektur (PRODUKSJONSMILJØ)

NY IP-ADRESSE Frist

Åpne for ny IP-adresse dersom verksemda har utgåande brannmur.

Range for prodmiljø: 139.105.36.160/27

Maskinporten prod: 139.105.36.164

Frå dags dato - 06.02.23

Kundar som ikkje les jwk-endepunkt må oppdatere trust manuelt når signeringssertifikat i PROD går ut. Nytt sertifikat publiserast i "god tid" før utløp.

19.12.22

Tilbake til prosjektsida