Vi beklagar å måtte meddele at leveransedatoane vil bli flytta minimum fire veker fram i tid, dette skuldast forseinkingar hjå driftspartner. Digdir og driftspartner arbeider med ny milepælsplan og denne blir delt så snart den er klar.
Førebuing av leveranse A
Plattformteamet er i rute i følgje opprinnelige plan, og testteamet held fram med ytelsestesting på ny plattform og førebur akseptansetest av leveranse A.
Hugs brukarrådet
Ikkje gløym å melde deg på brukarrådet 28.-29. september, der får du blant anna høyre meir om ny systemarkitektur. Brukarrådet er digitalt og kostnadsfritt.
Hald deg oppdatert på Samarbeidsportalen
På Samarbeidsportalen finn du informasjon om prosjektet og kunden sine oppgåver i prosjektet. Samarbeidsportalen vert oppdatert fortløpande.