Digdir sitt prosjekt «Ny systemarkitektur ID-porten» skal legge til rette for eit teknologskifte for eID-porteføljen vår, og alle våre eigenutvikla fellesløysingar på sikt. Her kjem løypemeldinga for status i mars.
Les om bakgrunnen for prosjektet
Utarbeida alternativanalyse
I lys av konsekvensane kring Schrems II, som vi informerte om i løypemeldinga for februar, har vi utarbeida ei alternativanalyse for anskaffelsen og vegen vidare. Gjennom kartlegging og analyse har vi komme fram til foreløpig anbefalt alternativ for midlertidig driftsløysning, og foreløpig anbefalt alternativ for kva som skal anskaffes når.
Som følgje av alternativanalysen er det behov for å gjere om på konkurransegrunnlaget for anskaffelse av ny drift- og kompetansepartner. Vi har som mål å ha konkurransegrunnlaget klart for utsending i perioden mai/juni.
Held hjula i gang
Omskriving- og moderniseringsarbeidet til ny systemarkitektur for eID-porteføljen pågår. Provider 1.0 (nye ID-porten) er i rute med støtte frå midlertidig driftsplattformteam. Event-handtering/statistikk er planlagt oppstart i mars/april.
Det midlertidige driftsplattformtemaet (DPT) har hatt fokus på å etablere køyre- og byggjemiljø for å støtte omskriving- og moderniseringsarbeidet til eID-porteføljen.