Hopp til hovudinnhald

Digdir sitt prosjekt «Ny systemarkitektur ID-porten» skal legge til rette for eit teknologskifte for eID-porteføljen vår, og alle våre eigenutvikla fellesløysingar på sikt. Her kjem ein løypemelding.

Dette er status i februar

Prosjektet har stort omfang og mange parallelle aktivitetar. Under finn du nokre av hovudaktivitet vi jobbar med.

  • 1. oktober oppretta vi eit midlertidig driftsplattformteam med interne ressursar. Dei jobbar no med å definere opp ein «grunnmur» for overgangen til ny skybasert systemarkitektur. Formålet er at teamet på sikt skal ha eit nært forhold mellom utvikling, forvaltning, drift og leverandør.
  • Omskriving- og moderniseringsarbeidet til ny systemarkitektur er påbegynt, og vil pågå kontinuerleg fram til ny driftsplattform er operativ. Me tek sikte på Connect2ID som kjerne i ID-porten.
  • Anskaffelsen av ny drift og kompetanse-partner er blitt utsett til ubestemt tidspunkt grunna Schrems II-dommen (CJEU C-311/18) og gjeldande rettleiing frå EDPB og Datatilsynet. Les om oppheving av Privacy Shield-avtale.
  • På grunn av bortfall av Privacy Shield og at Schrems II-dommen problematiserar fullmaktene til USA sin etterretning, analyserer vi no korleis vi skal anskaffe, samt ulike løysingar for alternative driftsmodellar. Vi har hatt tett dialog med leverandørmarkanden, og har fått gode innspel gjennom RFI.

Prosjektet vil i løpet av 2021 komme med løypemeldingar på samarbeidsportalen.

Kontakt

Servicedesk