Ny systemarkitektur for ID-porten

Digdir sitt prosjekt «Ny systemarkitektur ID-porten» skal legge til rette for eit teknologskifte for eID-porteføljen vår, og alle våre eigenutvikla fellesløysingar på sikt.

Kvifor ny systemarkitektur?

For fellesløysingane har det kontinuerleg vore stabil stor vekst. Både større volum og trafikk i løysingane, men også behovet for nye bruksområde for kundane våre. Vi har ein forventing om at denne veksten held fram, for alle våre fellesløysingar. I tillegg ser vi trender i marknaden med fokus på skyteknologi, DevSecOps, raskare og smidige syklusar frå ide til produksjon. Utviklinga skal skje i fart, medan vi opprettheld den stabile drifta som kundane er avhengige av og forventar.

Den nye systemarkitekturen bygger på ein ny driftsleveransemodell, og er avhengig av anskaffelsen av ein ny driftsleverandør. Vi jobbar derfor med å anskaffe ein drift- og kompetansepartner. Denne partneren vil bli ein samarbeidspartnar for oss, som hjelper med gode val og som finn eit godt samspel mellom eigenutvikla komponentar, standardprodukt og innkjøpte tenester.

    Noe av det viktigste vi gjør er å lage felles komponenter og standarder på stadig flere områder. Vi bygger nå en solid og moderne digital grunnmur for det offentlige Norge.

    Statsminister Erna Solberg

    I lys av dette konkluderte vi i 2019 med å gå vidare med ein ny dynamisk systemarkitektur med ein skybasert grunnmur. Samstundes bestemte vi at ID-portens systemarkitektur endrast til OIDC med eit nytt IAM-produkt for identitetshandtering som kjerne i den nye arkitekturen.

    Effektmål

    Prosjektet skal legge til rette for overgangen til ny skybasert arkitektur og driftsplattform for våre eigenutvikla fellesløysingar, og har følgande effektmål:

    1. Fleksible driftsavtaler som tar høgde for Digdir sine behov over tid
    2. Stabil drift med høy oppetid
    3. Legge til rette for auka endringstakt og innovasjonsevne
    4. Bruk av framtidsretta teknologi
    5. Skalerbar på ytelse og ny funksjonalitet
    6. Kostnadskontroll på kvar fellesløysing
    7. Støtte visjon og produktstrategien for den enkelte fellesløysing

    Løypemeldingar frå prosjektet

    Kontakt oss for spørsmål