Dei første verksemdene er allereie i gang med testing på nye ID-porten. Om de ikkje allereie har starta førebuinga til migrering og har tatt i bruk testmiljøet, så anbefaler vi at de startar no.
Den nye OIDC løysinga er klar for reelle tenester, men manglar single sign-on til gamal plattform. Dei første tidlegbrukarane vert flytta til nye ID-porten over påske, og vi gler oss til å få på trafikk.
Informasjonsbrev
I byrjinga av mars sende Digdir ut brev til alle verksemder og leverandørar med generell informasjon om overgang til nye ID-porten og tidspunkt for flytting av verksemdas OIDC-tenester. Det er viktig at alle set seg inn i kva flyttinga inneber, startar å planlegge og gjev oss beskjed om tidspunktet ikkje passar. Verksemder som har fagsystem, portal, skjematenester eller liknande levert frå ein leverandør, vil bli kontakta av leverandøren med informasjon om flytting.
Digdir har og sendt ut informasjon om endringar i Kontakt- og reservasjonsregisteret(KRR) og kva kundar som brukar KRR må gjere i samband med overgang til ny plattform.