Hopp til hovudinnhald

Digdir sitt prosjekt «Ny systemarkitektur ID-porten» skal legge til rette for eit teknologskifte for eID-porteføljen vår, og alle våre eigenutvikla fellesløysingar på sikt. Her kjem løypemeldinga for status i oktober.

Les om bakgrunnen for prosjektet

Evaluering- og forhandlingsfasen

Konkurransen Skybasert drift- og kompetansetenester for Digdirs fellesløysingar har mottatt tilbod, og vi er i gang med evalueringsfasen. Prosjektet har no fokus på evaluering og førebuingar til forhandlingar som vert gjennomført tidleg i november. Vi tek sikte på å signere kontrakt på nyåret.

Moderniseringsarbeidet held fram

Det har vorte gjort ein replanlegging og risikovurdering av omskrivingen til ny skybasert systemarkitektur. Vi har no ein omforent plan for omfanget for dei ulike swimlanene i omskrivingsplanen.