Hopp til hovudinnhald

Den opphavelege SAML-flyttinga som var planlagt 26. september er splitta i to leveransar og har fått nytt tidspunkt for flytting til nye ID-porten.

15. september 2023

Nye datoar for flytting av OIDC og SAML

21. november rutar vi trafikken som går på gamal OIDC på gamal plattform over til nye ID-porten. Det betyr at vi får Single sign-on (SSO) mellom gamal og ny OIDC denne dagen.

Alle SAML-integrasjonar vert flytta til ny Proxy-løysing den 23. januar 2024, og vil frå denne dagen gå på nye ID-porten. Det vil ikkje vere SSO mellom SAML og OIDC frå 21. november 2023 og til 23. januar 2024.

Desse datoane er med atterhald. Dette er komplekse løysingar og kvalitet er vår første prioritet, endringar kan kome ved behov.

Kvifor er OIDC og SAML leveransen splitta?

Det viste seg å vere meir tidkrevjande enn først antatt å levere SAML-proxyen. SAML-proxyen vil ikkje vere klar før i slutten av januar, og sidan vi ikkje ynskjer å utsette migrering av OIDC-tenester med SSO-avhengigheit, så flyttar vi OIDC i november.

Vidareføring av SAML med avgrensa levetid

SAML vil bli vidareført til nye ID-porten, men skal på sikt avviklast. Det er difor viktig at alle som framleis er på SAML planlegg for overgang til OIDC. Vi er klar over at nokre kundar treng tid for å realisere dette, og det er foreløpig ikkje satt ein dato for avvikling av SAML.

Konsekvensar for dei som ikkje flyttar

I mars 2024 skrur vi av den gamle OIDC-issueren. Integrasjonar som ikkje er flytta til ny issuer vil då slutte å fungere. Det er viktig at alle integrasjonar er flytta i god tid før dette, vi ber difor om at de flyttar integrasjonane dykkar innan 1. desember.

Status på migrering

Som vi har nemnt tidlegare går flyttinga av integrasjonar til nye ID-porten alt for seint. Vi trur at mange utset flyttinga til fristen nærmar seg, og vi risikerer å kome i ein situasjon der vi ikkje har kapasitet til å hjelpe alle som treng støtte for å flytte.

Per no er det 178 kundar som har oppretta 266 integrasjonar i produksjonsmiljøet (og som har hatt minst ei innlogging), og vi har hatt omlag 1,7 millionar innloggingar på nye ID-porten. Det betyr at det er meir enn 4000 integrasjonar att som skal flyttast. SAML-tenester vert automatisk flytta 23. januar, dei resterande tenestene må de sjølve flytte.

Dei første tenestene har brukt nye ID-porten sidan april, og den har vist seg å vere minst like stabil som den gamle. Helsenorge.no, som er ein av tenestene med størst trafikk i ID-porten, planlegg å flytte 29. september. Når vi har fått SSO mellom gamal og ny OIDC, 21. november, skal store kundar med tenester som har SSO-avhengigheit flytte. Det gjeld blant anna Skatteetaten, NAV og Altinn.

Ikkje gå glipp av Brukarrådet

19. og 20. september vert Brukarrådet arrangert. Det er eit heildigitalt og gratis arrangement for våre kundar og leverandørar. Her vil du få siste nytt om våre fellesløysingar, framtidas behov og moglegheiter. Nye ID-porten vil sjølvsagt vere tema.

Kontakt

Servicedesk