Etableringsprosjektet for ny systemarkitektur er i gang

Etableringsprosjektet med Tietoevry er danna, og vi er godt i gang med oppstartsaktivitetar i prosjektet for etablering av skybaserte driftstenester for fellesløysingane.

Det beste frå begge verder

Driftsløysinga baserer seg på private cloud, mens utvikling og systemtest utførast i Azure (public cloud) med syntetiske testdata. Dette handterer utfordringane knytt til Schrems II-dommen godt og opplevast som ei fleksibel og saumlaus tilnærming med det beste frå «begge verder» både i samband med utvikling og drift.

Det er etablert mottaksprosjekt internt i Digitaliseringsdirektoratet med fokus på tett samarbeid og løpande dialog mellom Tietoevry og Digitaliseringsdirektoratet. Digitaliseringsdirektoratet sitt plattformteam støttar internt produktteam med oppgåver relatert til plattform for å sikre god kvalitet og einsarta løysingstilnærming. Plattformteamet har og tett samhandling med Tietoevry.

Moderniseringa av applikasjonane i eID-porteføljen er i rute

Omskrivinga av applikasjonane følgjer oppsett framdrift, og skal dermed vere klare for skybasert systemarkitektur i samsvar med planen.

Digitaliseringsdirektoratet har også starta opp aktivitetar knytt til migrering av data sidan det er store mengder data som skal migrerast frå eksisterande til ny løysing. Maskinporten er første teneste som skal migrerast, og det er forventa at denne skal vere klar for ny plattform i løpet av hausten 2022.

Les meir om prosjektet