Hopp til hovudinnhald

Revidert milepælsplan for ny systemarkitektur er klar

Endeleg har vi fått på plass nye datoar for leveransane i prosjektet for ny systemarkitektur. 5. desember fekk vi tilgang til den nye plattforma i produksjon og vi er no i gang med akseptansetesting.

Den første leveransen

Maskinporten er den første fellesløysinga som skal flyttas over på ny plattform. Dato for migrering er 7. februar. Maskinporten vert migrert saumlaust frå gamal til ny plattform, og skal påverke kundane i minst mogleg grad. Det er no mogleg å teste nye Maskinporten på ny plattform (test.maskinporten.no).

Les meir om Maskinportens overgang til ny plattform

Fleire leveransar denne vinteren

Det vil bli ein hektisk vinter med mange leveransar.

  • 14. februar flyttar vi Ansattporten pilot over på ny plattform
  • 21. februar vert MinID database migrert, og MinID aktiveringsbrev kjem 28. februar.
  • 14. mars settast den nye OIDC-issueren i produksjon og vi er klare for prøvedrift. Frå denne dagen vert nye integrasjonar oppretta på ny løysing. Vi ynskjer og at eksisterande integrasjonar, som ikkje er avhengige av singel sign-on, startar flytting til ny plattform. Ta kontakt med servicedesk@digdir.no før flytting i prøvedriftperioden.

Milepælsplan

Ny milepælsplan Sysark

Høg aktivitet fram mot sommaren

Vi fortset med høg aktivitet utover våren. I mai vert MinID applikasjonar flytta til ny plattform. ID-porten kjem over i ordinærdrift (utan Single sign-on mellom ny og gamal løysing) med full SLA i månadsskifte mai/juni.

I tredje kvartal vert ID-porten SAML på gamal plattform skrudd av og vi innfører ein SAML-proxy på ny plattform. Den dagen det skjer flyttar vi alle gjenverande SAML-integrasjonar frå gamal til ny plattform. Vi tilbyr no single sign-on mellom alle tenester på ny og gamal plattform. Dette er byrjinga på ein 6 månaders migreringsperiode der alle må flytte over på ny plattform. Tenester som ikkje er flytta når vi skrur av gamal plattform i Q1 2024, vil slutte å virke.

Siste innspurt

I fjerde kvartal 2023 nærmar vi oss mål, men det står framleis att nokre leveransar. Følgjande er planlagt i denne perioden:

  • Kontakt- og reservasjonsregisteret vert flytta. Det vert etablert nytt endepunkt kontaktregisteret.no, dette er allereie på plass.
  • Sjølvbetening flyttar. Kundar som brukar API-basert sjølvbetening må endre adresse, vi kjem tilbake med nytt domene.
  • ID-porten - OIDC flytting frå gamal til ny plattform. Alle resterande integrasjonar må flytte over i denne perioden, før vi skrur av den gamle løysinga
  • Første kvartal 2024 startar vi den to månadar lange godkjenningsperioden.

Detaljar om overgang og tekniske endringar

Produkteigar for ID-porten, Jørgen Binningsbø, heldt eit innlegg om ny systemarkitektur på Integrasjons- og sikkerhetsforum den 7. desember. Der presenterte han blant anna ein detaljert gjennomgang for korleis overgangen skal skje, og går spesielt gjennom dei tekniske endringane som de som kundar må vite om og ta hensyn til. Innlegget kan du sjå her.

Ny systemarkitektur med Jørgen Binningsbø - Opptaket vil bli teksta seinare

Les om dei ulike leveransane og hald deg oppdatert på Samarbeidsportalen