Re-planlegging og fokus på testing i SYSARK

I mai har vi jobba med å få på plass ein omskriven versjon av Maskinporten og hatt fokus på testførebuing og testgjennomføring før sjølve migreringa. Vi har og gjort ein re-planlegging av alle leveransar som skal migrerast over på ny driftsplattform.

Ny milepælsplan

Den siste veka har vi brukt tid på å revidere milepælsplanen. Då prosjektet låg omlag 5 veker etter opphaveleg plan var det behov for replanlegging og å få på plass ei ny tidsline. Hovudregelen er at alle leveransar er flytta fem veker fram i tid, med nokre unntak. Ver merksam på at det kan kome endringar i planen.

Milepælsplan Sysark - revidert

Tidleg tilgang til plattforma

Tredje juni får Digdir tidleg tilgang til plattforma. Då startar plattformteamet arbeidet med å få opp pipeline og å installera våre applikasjonar.

Den nye plattforma skal etter planen vere klar 26. august.

Vi er i full gang med testing

Applikasjon (Maskinporten) er testa i systemtestmiljøet. Vi har køyrt ytelsestestar og det vert køyrt nattlege testar. Når plattformteamet er ferdig med det installasjonsspesifikke for Maskinporten startar testteamet med regresjonstesting og deretter ytelsestesting.

Informasjon finn du på Samarbeidsportalen

På Samarbeidsportalen finn du no informasjon om innføring og overgang til ny systemarkitektur. Her finn du blant anna informasjon om prosjektet, leveransane og kva du som kunde må gjere.

Les meir om innføring og overgang til ny systemarkitektur

Maskinporten er første leveranse, og planlagt produksjonssetting er 18. oktober. Informasjon om ny IP-adresse og kva du må foreta deg i forbindelse med overgang til nytt tesmiljø finn du på Samarbeidsportalen.

Les meir om kundane sine oppgåver i prosjektet

Informasjon om dei andre leveransane vil koma når detaljane er klare.