Hopp til hovudinnhald

Aktivitetar knytt til dei første delmilepælane i prosjektet er i rute, og vi opplever god kommunikasjon og samarbeid med Tietoevry i samband med etablering av skybasert driftsplattform.

Fokus på god risikohandtering, sikkerheit og kvalitet

I samband med modernisering av applikasjonane utfører vi ei omfattande omskriving av mange applikasjonar som skal migrerast over på ny skybasert plattform. Som eit tiltak for å sikre tilstrekkeleg kvalitet og utelukka eventuelle sårbarheiter vil vi no gå til anskaffing av sikkerheitstesting og rådgjeving. Vi er i gang med å utarbeida konkurransegrunnlag og planlegg å lyse ut konkurransen i månadsskiftet april/mai.

Vi har i tillegg nyleg revidert sin risiko- og sårbarheits-analyse knytt til moderniseringa av tenestene på skybasert teknologi. Nye tiltak som var identifisert innarbeidast som ein del av planlagde aktivitetar for å sikre ein god risikoprofil.

Migrering av applikasjonane skal ikkje vere merkbar for kundane

Maskinporten vil vere første teneste som migrerast over på ny løysing, og denne skal etter planen være tilgjengeleg frå september 2022. Migreringa skal ikkje vere merkbar for våre kundar.

Neste teneste vil vere ein begrensa pilot for ID-porten, med planlagt oppstart hausten 2022.

Les meir om prosjektet