Hopp til hovudinnhald

I februar starta vi å migrere løysingane våre frå gamal til ny plattform og med dette nådde vi fleire milepælar i prosjektet.

Flytting til ny plattform

7. februar produksjonssette vi Maskinporten, som første løysing på ny driftsplattform.

Etter det har det gått slag i slag. Ansattporten vart flytta 14. februar, 21. februar flytta vi MinID database og 28. vart MinID aktiveringsbrev migrert. Alt har gått etter planen og vi er svært nøgde med resultatet.

Webinar

Vi planlegg ein webinar-serie denne våren og hausten. Første webinar «Flytting til nye ID-porten» vart gjennomført 16. februar. Der snakka vi blant anna om framdriftsplan, korleis vi planlegg for flytting av fleire tusen integrasjonar frå gamle til nye ID-porten og korleis du som kunde kan få oversikt over verksemda sine integrasjonar.

Vi planlegg eit nytt webinar i midten av mars som hovudsakleg vil rette seg mot leverandørmarknaden. Følg med på arrangementsoversikten og meld deg på relevante webinar og arrangement.

Komande leveransar

14. mars skal ID-porten vere klar i testmiljøet og for prøvedrift på ny plattform. Dei påfølgande vekene vil dei første tidlegbrukarane flyttast over og vi får reell trafikk på nye ID-porten.

Les om dei ulike leveransane og hald deg oppdatert på Samarbeidsportalen