Hopp til hovudinnhald

Maskinporten er frå i dag 7. februar flytta over til ny driftsplattform. Migreringa vart gjennomført etter planen og markerer første steg i overgangen til ny systemarkitektur for fleire av fellesløysingane frå Digdir.

07. februar 2023

Sidan lanseringa hausten 2019 har det vore jamn vekst i bruken av Maskinporten. I dag hentar over 14 000 konsumentar data gjennom løysinga som brukast til maskin-til-maskin-kommunikasjon og reduserer kompleksiteten når maskiner frå mange aktørar skal utveksle data.

Ein milepæl

Maskinporten er den første fellesløysinga som går over på den nye driftsplattforma som vil gi betre verktøy for skalering, overvaking og utvikling av nye løysingar som kundane til Digdir etterspør.

Det er fire år sidan vi starta arbeidet med utvikling av ein ny infrastruktur for ID-porten og dei andre fellesløysingane våre. Produksjonssettinga av «nye» Maskinporten er difor ein viktig milepæl for oss.

Omfattande prosjekt

Arbeidet med migrering av fellesløysingar vil halde fram både i 2023 og 2024 før Digdir er i mål med det omfattande prosjektet. Overgangen til den nye skybaserte driftsplattforma er ei etterlengta og nødvendig modernisering av systemarkitekturen, og inneber også fornying av samfunnskritiske løysingar som ID-porten.

Alt i alt vil ny driftsplattform og arkitektur sikre betre skalering og ytelse, ny funksjonalitet, fleksibilitet i stort og for den enkelte fellesløysinga som Digdir utviklar og forvaltar.

Skjer i fart

Det er mange tusen tenester som nyttar fellesløysingane våre, og målet vårt er at kundane våre og sluttbrukarane ikkje merker at dette arbeidet pågår. Difor flyttar vi løysing for løysing og undervegs legg vi stor vekt på at kundane skal vere godt informert slik at dei kan iverksette tiltak i sine system når det er nødvendig.

Allereie neste veke er det tid for neste produksjonssetting, då er det Ansattporten som står for tur.

Maskinporten vert sett i produksjon
Thomas Reppesgård (f.v.), Randi Øyri og Sigvald Høyheim i arbeid med produksjonssetting av Maskinporten tysdag morgon. Foto: Are Kvistad/Digdir

Les meir om status og framdrift i prosjektet

Kontakt

Servicedesk