26. juni var vi i ordinær drift med nye ID-porten. Den går så det susar på ny plattform, med full SLA og enda betre yting enn på dagens løysing. No manglar det berre at de som brukar ID-porten flyttar tenestene dykkar.
Migrering til nye ID-porten
Det er om lag 60 tenester som har flytta til nye ID-porten, det er ca. 1% av alle som skal flytte. Om alle planlegg å flytte tenestene sine frå september til november, så blir det veldig vanskeleg for oss i Digdir å hjelpe dykk om de skulle trenge hjelp. Difor anbefaler vi at de flyttar no, det er ingenting å vente med. Har du single sign-on (SSO) avhengigheiter til andre, då må de gjerne planlegge å flytte tenestene dykkar samtidig, så treng de ikkje vente på SSO mellom plattformene.
Nytt webinar om flytting til nye ID-porten
Om du gjekk glipp av webinaret som vi heldt 29. juni, så kan du no sjå dette i opptak. Her får du siste status før sommaren, og vi har teke ein prat med Bibliotek-systemer AS som var første leverandør over på nye ID-porten.
Forseinka SAML-flytting
Allereie no ser vi at vi ikkje kjem til å nå milepælen, den store SAML-flyttinga, 26. september. Dette arbeidet har vist seg å vere mykje meir krevjande enn vi har trudd, og vil ta lengre tid. Vi vil koma tilbake med meir informasjon om dette i månadsskifte august/september. Denne utsetjinga vil skape forseinking for dei som er på SAML, vi anbefaler difor at de planlegg overgang til OIDC så fort de har anledning.
Flytting av Kontakt- og reservasjonsregisteret
Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR) er og på veg over på ny systemarkitektur. Alle som gjer oppslag må ta i bruk nytt endepunkt i produksjon seinast 17. september, 18. september vert gamalt endepunkt avvikla. I testmiljøet er fristen for å byte endepunkt 17. august.
Ferie og redusert bemanning
No tek dei fleste av oss nokre veker ferie, men vi har folk på jobb gjennom heile sommaren som kan hjelpe dykk om de står fast i flytteprosessen. Ta kontakt med oss på servicedesk@digdir.no