Hopp til hovudinnhald

Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR) er på veg over på ny systemarkitektur. Alle som gjer oppslag må ta i bruk nytt endepunkt i produksjon seinast 17. september.

28. juni 2023

Nytt domene er på plass

Nytt domene kontaktregister.no er etablert i produksjonsmiljøet og må takast i bruk. Gamalt endepunkt vert avvikla 18. september, og de må byte endepunkt seinast 17. september.

Forseinking ved endringar

Frå 22. august til 18. september går oppslagstenesten mot ein database på ny plattform. Endringar i KRR vil i denne perioden skje på gamal plattform og vert kopiert over kvart 10. minutt. Det vil difor vere inntil 10 minutt forseinking før du kan lese opplysningar som vert endra på KRR.

Endringar i testmiljøet

Nytt domene test.kontaktregisteret.no er etablert og må takast i bruk seinast 17. august. Gamalt endepunkt for VER2 vert avvikla 18. august.