Hopp til hovudinnhald

Tysdag 7. februar klokka 07.00 vert Maskinporten sett i ordinær produksjon på ny plattform. Maskinporten blir migrert saumlaust frå gamal til ny plattform, og skal påverke kundane i minst mogleg grad.

Vidare plan for februar

Neste planlagde leveranse er migrering av Ansattporten 14. februar. Ansattporten er framleis i pilot, så kun eit fåtal kundar vil bli berørt.

Vi planlegg flytting til nye ID-porten

Vi i Digdir er i gang med å planlegge flytting til nye ID-porten. Vi lagar eit forslag med tidspunkt for migrering for våre kundar. For oss er det viktig at alle er over på ny plattform før vi skrur av den gamle, og vi ynskjer difor å sikre ein styrt overgang.

Webinar i februar

16. februar vil vi halde eit webinar om ny systemarkitektur (den tekniske moderniseringa av våre tenester). Meir informasjon om webinaret og påmelding er tilgjengeleg i vår arrangementsoversikt. Ressursar frå Digdir sit klare til å svare på spørsmål i chaten under webinaret.

Vi treng ein kontaktperson frå di verksemd

For at vi skal kunne nå ut med viktig informasjon til rett person i di verksemd, ynskjer vi ein kontaktperson. Kontaktpersonen vil motta invitasjon til våre webinar og viktig informasjon om nye ID-porten. Namn og kontaktinformasjon fyllast inn i dette skjemaet:

Les om dei ulike leveransane og hald deg oppdatert på Samarbeidsportalen