Hopp til hovudinnhald

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

Den siste månaden har nokre kundar og leverandørar teke i bruk nye ID-porten, og nokre fleire er i gang i testmiljøet. Dette er bra, men vår magekjensle er at alt for få er i gang med planlegging og testing.

Laga: 05. juni 2023 Sist endra: 06. juni 2023

Det byrjar å haste

I løpet av dei neste 6 månadane skal fleire tusen tenester flyttast til nye ID-porten. Til no har 40-50 tenester migrert, så framleis er det veldig mange att. Det er viktig at de planlegg tidspunkt for flytting av OIDC-tenestene dykkar, gjer nødvendige endringar og testar at det fungerar. Akkurat no har vi god kapasitet til å hjelpe dykk om de skulle trenge det, men om alle utset flyttinga til slutten av perioden vil vi ikkje han ressursar til å bistå alle.

Webinar 6. juni

I morgon kan de delta på vårt neste webinar. I dette webinaret vil du få ein demo av ny funksjonalitet i nye ID-porten. Vi har og med oss Enova SF som var den første kunden på løysinga. Dei vil fortelje om sine erfaringar og dele nokre tips med deg som no skal i gang med denne jobben.

Har du ikkje anledning til å følgje webinaret i morgon, så vil du om kort tid finne opptak av webinaret på Samarbeidsportalen.

Forseinking i leveranse

Digdir har behov for å arbeide noko meir med nye ID-porten før vi går i ordinær produksjon med full SLA. Leveransen har vore planlagt ferdig 30. mai, men slik det ser ut no er vi i mål med dette i slutten av juni. Det er klart for alle som har ikkje-kritiske tenester å flytte over til nye ID-porten no.