Som meldt tidlegare har forseinkingar hjå driftspartner og leveranseutfordringar av teknisk utstyr ført til at vi ikkje klarar å følgje opprinneleg leveranseplan. Vi har dei siste vekene arbeidd med ny milepælsplan, og denne nærmar seg ferdig.
Første leveranse
Når vi snart får tilgang til den nye plattforma vil vi jobbe på for å bli klare så vi kan flytte Maskinporten over på ny driftsplattform. Vi gler oss til endeleg å få første løysing over på ny plattform etter lang tids planlegging.
Les meir om Maskinporten og overgang til ny plattform
Systemarkitekturprosjektet på Brukarrådet
I slutten av september gjekk Brukarrådet av stabelen. Jørgen Binningsbø, som er produkteigar for ID-porten, gav der ein status på Sysark-prosjektet. Gjekk du glipp av dette kan du sjå den her.
Det brakar snart laust, om ein månad, også går det slag i slag med flytting det neste året. Også skal me begynne å lage ny og kul funksjonalitet!
Status Sysark-prosjektet
Hald deg oppdatert på Samarbeidsportalen
På Samarbeidsportalen finn du informasjon om prosjektet og kunden sine oppgåver i prosjektet. Samarbeidsportalen vert oppdatert fortløpande.