Status om arbeidet med ny systemarkitektur ID-porten

Digdir sitt prosjekt «Ny systemarkitektur ID-porten» skal legge til rette for eit teknologskifte for eID-porteføljen vår, og alle våre eigenutvikla fellesløysingar på sikt. Her kjem løypemeldinga for status i desember.

Signering


Ei stor milepæl er nådd i prosjektet. Den 20. desember signerte Digdir avtalen «skybasert drift- og kompetansetenester for Digdirs fellesløysingar» med TietoEvry. Avtalen har ein varigheit på 3 år med opsjon på automatisk forlenging.
Skytenester er i første omgang TietoEvrys private sky som i stor grad gir same typar tenester som public cloud. Årsaka til val av private cloud (privat sky) er Schrems II-dommen som i stor grad avgrensar behandling av personopplysningar utanfor EU/EØS.

Evalueringsarbeidet og forhandlingane har gått fint. Vi er fornøgd med avtalen, og glad for å ha med TietoEvry på laget.

Moderniseringa med full fart inn i 2022


Vi jobbar førebels med å skrive om eID-porteføljen til ny skybasert systemarkitektur. Parallelt med dette startar vi no eit etableringsprosjektet TietoEvry, der vi skal få etablert driftsplattform og diverse delleveransar. Det blir eit innhaldsrikt og spennande 2022 for oss.

Dersom du ønsker å vite meir om dette arbeidet kan du sjå produkteigar Jørgen Binningsbø sitt innlegg på Integrasjon- og sikkerheitsforum.

Les meir om prosjektet