Digdir var så heldige å ha besøk av DigiUng-prosjektet forrige veke. På tapetet sto ein workshop med fokus på tiltak for å gjera det lettare for ungdom å skaffe seg eID.
DigiUng er rykande fersk vinnar av Digitaliseringsprisen førre veke. Dei fekk og DFØ sin bedre stat-pris i februar. Gjennom nettstaden ung.no kan unge i målgruppa 13-20 år få tilgang til tenester, kvalitetsikra informasjon og hjelp. Regjeringa har bestemt at ung.no skal vere hovudportalen for offentleg informasjon retta mot ungdom og vaksne framover, og det jobbast med lansering av fleire tenester, blant anna DigiHelstasjon.
Viktig tema
Bakgrunnen for workshopen er behovet for å forenkle prosessen med å skaffe seg ein eID (MinID) på eiga hand.
- Digdir har så langt retta seg mot vaksne brukarar når det gjeld eID og andre tillitstenester, men vi må gjere noko både med registreringsflyten, brukarrettleing og kommunikasjon for at dei yngste brukarane skal kunne klare å gjere denne jobben på eiga hand. Og det er viktig at vi får til dette på ein betre måte, seier Olav Skarsbø som saman med Stig Slaatto-Hornnes leia workshopen.
Fleire tiltak
Det kom mykje godt ut av workshopen. Det vart mellom anna sette opp mange tiltak som skal gjennomførast i tida framover. Desse inkluderar mellom anna forenkling av informasjon i aktiveringsbrev for MInID, betre registreringsflyten samt lage informasjonspakkar til skulane med tilhøyrande rettleiingar med tekst og video.
DigiUng sit på viktig innsiktsmateriale som er veldig viktige for DIgdir sin del for å tilpasse og utvikle løysingane våre til det beste for alle.