Hopp til hovudinnhald

Status for utsending av skattemeldingar i 2024

I perioden 7. - 21. mars vert skattemeldinga for 2023 gjort puljevis tilgjengeleg for alle som mottek løn, pensjon eller uføretrygd. Her kan du sjå statistikk og lese status på utsendinga.

Status skattemeldingsperioden 2024

Status frå dagar med utsending av skattemelding

Første dag for utsending av skattemeldingar

Det vart sendt ut omlag 680.000 skattemeldingar og vi hadde den høgste trafikken nokon sinne på nye ID-porten. Vi hadde 2,43 millionar innloggingar på ID-porten og 1,14 av desse logga inn på skattemeldinga. ID-porten leverte utan problem heile dagen.

I dag vart det sendt ut nær 435.000 skattemeldingar. Vi hadde i overkant av 1,9 millionar på ID-porten der omlag 800.000 av desse var til skattemeldinga.

ID-porten leverer som den skal og tåler trykket veldig bra.

I overkant av 582 000 skattemeldingar vart sendt ut i dag.

Vi hadde 2,41 milliionar innloggingar på ID-porten og 830 000 av desse logga inn på skattemeldinga.

Vi hadde og eindel trafikk i helga. Omlag 230.000 logga inn på skattemeldinga både laurdag og søndag.

Tysdag vart det sendt ut nesten 840 000 skattemeldingar. Dei som mottok skattemelding vart varsla fortløpande utan problem.

Vi hadde 2,52 millionar innloggingar på ID-porten og 1,15 millionar av desse var til skattemeldinga.

ID-porten køyrte stabilt og takla trafikken heilt fint.

I dag vart det sendt ut ca. 450.000 skattemeldingar, og over halvparten av skattemeldingane er no sendt ut.

Det var 2,77 millionar innloggingar på ID-porten i dag og 1,43 millionar av desse logga inn på skattemeldinga.

Skatteetaten hadde nokre problem som førte til at det i periodar ikkje var mogleg å logge inn til skattemeldinga. ID-porten køyrte stabilt og utan problem heile dagen.

Det vart i dag sendt ut 863 483 skattemeldingar.

Vi hadde 2,49 millionar innloggingar på ID-porten og 1,21 millionar av desse var til skattemeldinga.

ID-porten leverte stortsett stabilt gjennom dagen, men hadde ei hending med nedetid i perioden 13.41 til 14.09. Les meir om hendinga på Status Digdir.

Fredag vart det sendt ut nesten 400 000 skattemeldingar.

Vi hadde 2 millionar innloggingar på ID-porten der ca. 860 000 av desse logga inn på skattemeldinga. I løpet av helga har det vore 560 000 innloggingar på skattemeldinga.

Utsendinga gjekk som planlagt og ID-porten leverte utan problem.

I dag vart det sendt ut heile 888 845 skattemeldingar, og vi nærmar oss slutten på skattemeldingsperioden.

Vi hadde 2,72 millionar innloggingar på ID-porten og 1,1 million av desse logga inn på skattemeldinga.

I dag vart det publisert 245 000 skattemeldingar og det gjenstår berre ei lita pulje på omlag 50 000.

Det vart gjort over 2 millionar innlogginar på ID-porten og 670 000 av desse logga inn på skattemeldinga.

ID-porten hadde ei hending i dag og frå klokka 14.20 - 14.39 var det ikkje mogleg å logge inn med BankID. Dei andre eID-ane fungerte som normalt. Les meir på Status Digdir.

I dag vart det publisert omlag 40 000 skattemeldingar, og det gjenstår no ca. 3500 skattemeldingar til publisering.

Vi hadde 1,93 millionar innloggingar på ID-porten. I overkant av 630 000 innlogginar var til skattemeldinga.

Varsling til mottakarar av skattemeldinga har gått som planlagt og vi er i gang med re-varsling. Eit nytt varsel går ut til alle som mottok skattemeldinga for 7 dagar sidan, men ikkje har lest den.

Vi er no i innspurten av skattemeldingsperioden.

Dei aller fleste har no motteke varsel om at skattemeldinga er publisert.

Trafikken i ID-porten er på veg ned. I dag hadde vi omlag 320 000 innloggingar på skattemeldinga og 1,49 innloggingar totalt.

Kontakt

Servicedesk