Hopp til hovudinnhald

Flyktningar frå Ukraina som har fått kollektiv beskyttelse i Noreg kan no skaffe seg elektronisk ID (eID) slik at dei kan ta i bruk digitale tenester frå det offentlege.

04. juli 2022
Elektronisk ID til flyktnigar frå Ukraina
Flyktningar frå Ukraina som har fått kollektiv beskyttelse kan no bestille elektronisk ID slik at dei får tilgang til digitale tenester frå det offentlege Noreg.
Foto: Digdir

I april fekk Digdir oppdraget om å etablere ei eID-løysing for ukrainske flyktningar. Første steg i løysinga er no levert.

- Så langt har det kome om lag 20 000 flyktningar til Noreg. Dei kan no bestille ein personleg eID som gir dei enkel tilgang til tenester som for eksempel NAV, Lånekassa eller digital postkasse, seier Stig Slaatto-Hornnes som er produktområdeleiar for tillitstenester i Digdir.

eID på mobil

I eit samarbeid med eID-leverandøren Buypass er løysinga på plass frå 1. juli. Den inneber at den enkelte kan bestille eID frå Buypass til bruk på eigen smarttelefon.
For å kunne aktivere eID-en må ein kunne vise fram gyldig pass, og ein del andre vilkår må også vere oppfylt.

- Vi stiller desse krava slik at vi kan utstede ein eID på nivå «høgt». Dermed får flyktningane også full tilgang til viktige offentlege tenester som for eksempel Helsenorge.no, seier Slaatto-Hornnes.

Busett raskt

Opprinneleg var hovudmålet å kunne tildele eID samtidig med registreringsprosessen når flyktningane kjem inn i landet. Det har vist seg at mange vart busett ganske raskt, og talet på innreisande flyktningar har dessutan vore langt lågare enn venta. Difor vart fokus retta mot å nå dei som allereie har kome og som er spreidd rundt om i mange kommunar.

Dei fleste ukrainske flyktningane er avhengig av tiltrettelagt informasjon på ukrainsk eller russisk. Slik informasjon er no å finne på Norge.no. Der framgår det korleis ein kan bestille eID og kva for vilkår ein må oppfylle. Norge.no er også ein vegvisar til dei offentlege tenestene på nett.

Jobbar vidare

Samarbeidet mellom aktørane held fram med mål om å utvikle alternative måtar å tildele eID.

- Vi er glad for å kunne hjelpe både flyktningar og norske myndigheiter i denne prosessen. Saman sørger vi for at flyktningane får effektiv og trygg tilgang til viktige offentlege tenester, seier salgsdirektør Pål Muller i Buypass.

Neste steg er å finne ut korleis vi saman med Utlendingsdirektoratet og Buypass kan tildele flykningane eID som ein del av sjølve registreringsprosessen. Det er løysingar som krev integrasjon med UDI sine system. Vi jobbar med dette utover sommaren.

Kontakt

Servicedesk