Hopp til hovudinnhald

Dei siste skattemeldingane for 2023 er sendt ut, og vi er no ferdige med ei vel gjennomført skattemeldingsperiode.

22. mars 2024

I perioden 7. til 22. mars vart skattemeldinga gjort tilgjengeleg på skatteetaten.no. Som i fjor skjedde dette puljevis, og den enkelte fekk e-post eller sms når skattemeldinga var klar. Dette omfattar alle som mottek lønn, pensjon eller uføretrygd.

Vi har hatt ein vellukka skattemeldingsperiode med stabilt høg trafikk. Det var knytt ekstra spenning til skattemeldingsperioden i år sidan det var første høgvolumsperiode på nye ID-porten og ny plattform. Både ID-porten og plattforma har takla den høge trafikken veldig fint og vi har ikkje hatt betydelege hendingar.

Status frå skattemeldingsperioden

Omlag 5,5 millionar skattemeldingar vart publisert i perioden. Det har vore høg trafikk på ID-porten i denne perioden med i underkant av 28 millionar innloggingar totalt, og 11,2 millionar innloggingar til skattemeldinga. 13. mars var dagen med mest trafikk i ID-porten, då hadde vi 2,77 millionar innloggingar der 1,43 millionar av desse var til skattemeldinga.