Hopp til hovudinnhald

Tysdag 23. januar klokka 07.00 gjer vi eit DNS byte slik at idporten.difi.no peikar mot nye ID-porten.

15. desember 2023

Når vi går i produksjon 23. januar, må alle med SAML-integrasjonar ha testa desse i test. DNS byte i test (ver2) gjorde vi 30. november, htttps://testmiljo.status.digdir.no/incidents/cnqz3lgks31v.

Metadata for alle integrasjonar som har hatt innloggingar i år (2023) er med over på nye ID-porten.

Brannmur dokumentasjon og avgrensingar


De må passe på at de har utgåande brannmur åpning mot ny plattform om de har brannmur sikring.

Produksjonsmiljøet er klart


Produksjonsmiljøet er klart for dei som ynskjer å gå i produksjon før 23. januar. Då gjer de som følgjer:

  1. De må gå mot vår nye IDP: https://saml2.idporten.no/idp6
  2. Metadata for idp6 kan de laste ned her: https://saml2.idporten.no/idp6
  3. Vi bruker same sertifikat på idp6 som vi har på idp5

Dei som ventar til 23 januar vil automatisk blir ruta over til nye ID-porten og eksisterande IDP (idporten.difi.no-v5)

Det er altså ingen endring i våre metadata og sertifikat

Kontakt

Servicedesk