Hopp til hovudinnhald

No er det ei veke att til vi slår av tenesten for "hent person" mot Kontakt- og reservasjonsregisteret. Dei av dykk som framleis bruker SOAP og skal ta i bruk REST-API'et byrjar å få dårleg tid.

25. oktober 2022

Lurer du på om dette gjeld di verksemd?

I Min profil kan du sjå alle integrasjonar som di verksemd har i test og i produksjon. Finn du integrasjonar som heiter "KRR SOAP", må de gå over til å bruke REST API-et.

Kundar som i dag berre brukar REST API-et treng ikkje å foreta seg noko.

Har de ein leverandør?

Er integrasjonen sett opp av ein leverandør bør de kontakte leverandøren for å lage ein plan på overgang til REST API-et.

Kontakt

Servicedesk