I august kvart år kan ein sjå at tal signeringar ligg langt over gjennomsnittet for året. Kvifor er det slik?
Eit sikkert august-teikn er at nye studentar gjer sitt inntok ved studiestadar over heile Norge, men visste du at eSignering spelar ei viktig rolle for desse studentane? eSignering vert brukt for å signere på stipend- og studielån av Statens lånekasse for utdanning.
Sjøl om Lånekassen er den store kunden i august, er det og 712 andre offentlege verksemder som nyttar eSignering til å forenkle og automatisere prosessar i verksemdene.
Statistikk for alle våre løysingar
På statistikksidene finn du oppdatert statistikk for alle våre fellesløysingar.