Hopp til hovudinnhald

Årsrapporten for fellesløysingane for 2024 er no publisert - og den viser jamn trafikk for dei aller fleste løysingane og stabil drift av tenestene. Vi gler oss over at offentleg sektor og innbyggarane stadig vert meir digitale.

2024 er historie - og vi er i gang med eit nytt og spanande år.

Vi har oppsummert fjorårets bruk av våre fellesløysingar i årsrapporten, og den viser at fellesløysingane vert meir og meir brukt, av både offentlege verksemder og innbyggarane.

Pilene peikar for det meste oppover

Nesten alle fellesløysingane våre hadde auke i trafikk, med unntak av Digital postkasse, som hadde ein liten nedgang på antall sendte brev.

ID-porten hadde igjen ny rekord på antal innloggingar, med over 321 millionar innloggingar. Kontakt- og reservasjonsregisteret slo òg gamle rekordar med over 2,5 milliardar oppslag.

Kontaktregisteret

Etterkvart vil nye tenester komme inn, som blant anna Ansattporten. Vi gler oss til fortsettelsen!

All statistikken for 2024 finn du her