Vi ønsker å takke alle deltakarar og samarbeidspartnarar som ville dele desse to dagane saman med oss. Ein ekstra takk til alle som har sendt spørsmål og komme med innspel på chatten i løpet av desse dagane.
Årets Brukarråd er overstått og både tal påmelde og aktiviteten i chat og spørsmål tyder på at denne arenaen er viktigare enn nokon gang. Over 1700 påmeldte og hundrevis av spørsmål og innspel undervegs, tyder på at digitalisering, fellesløysingar og samarbeid er noko som fengar i offentleg forvaltning - og det er me veldig glad for!
Svar på evalueringsskjema
Alle som har vore påmeldt Brukarrådet får i løpet av kort tid tilsendt eit evalueringsskjema. Vi håpar så mange som mogleg set av nokre få minutt til å svare på skjemaet. Det er veldig viktig for oss for å kunne få oversikt over kva de syntes fungerte bra, og ikkje minst dersom det er noko de ønskjer gjort annleis.
Sjå Brukarrådet i opptak
I ein hektisk kvardag er det heilt sikkert mange av dykk som har gått glipp av delar av Brukarrådet, eller de tenker det er innlegg somer relevant for ein kollega. Difor legg vi i løpet av veka ut heile Brukarrådet her på Samarbeidsportalen.
Takk for i år - Vi håper å sjå dykk alle saman igjen neste år!