Hopp til hovudinnhald

Ein innhaldsrik første dag av Brukarrådet er gjennomført. Vi har hatt ein dag med mange spanande pogrampostar, og det har vore stor aktivitet på chat, der mange har stilt spørsmål og komme med sine innspel.

24. september 2024

Vi har fått gode tilbakemeldingar på den første dagen, og sjåartala viser at mange følger med heile dagen. Det tykkjer vi er veldig kjekt.

Høgdepunkta sto i kø, og vi ønskjer å nytta høve til å takke alle dei flotte folka i offentleg og privat sektor som stilte opp og delte av sin kunnskap.

Følg med på Facebook

På Samarbeidsportalen på Facebook får du tilgang til ekstra informasjon. På historie-funksjonen fra dag 1 kan du blant annet høre Runar Elle Smelror snakke om kvifor Digiung-samarbeidet fungerer så bra på tvers av sektorar, og du kan høyre kva avdelingsdirektørane Nina Olsen Munthe og Andreas Rafaelsen ser på som dei største utfordringane i tida som kjem.

Det vil bli lagt ut spananade tema også under morgendagens Brukarråd.

Minnar om konkurranse

Vi minner også om årets konkurranse på Brukarrådet. Følg Samarbeidsportalen på Facebook, lik ein av våre postar så er du med i trekninga av ein flott premie!