Hopp til hovudinnhald

Som vi annonserte i mai 2024 avvikler vi no Datahotellet. Dette er ei teneste frå Digdir for å distribuere opne data frå offentlege verksemder. 2. oktober startar vi stenginga av Datahotellet

02. oktober 2024

Dersom di verksemd hentar data frå Datahotellet, må de snarast legge om til å henta data frå ein anna stad. I samråd med tilbydarane har vi i Digdir jobbar for at alle data som er i Datahotellet i dag skal verte tilgjengelege frå andre løysingar.

Du finn oppdatert oversikte over kor du kan finne data som du tidlegare har henta frå Datahotellet på: https://hotell.difi.no/avvikling

Alle dataasett på Datahotellet skal vere registrert på data.norge.no, og vil kunne finnast via søket der. Beskrivelsane på data.norge.no vert oppdatert til å peike til dei nye stadane å hente dataene frå.

Kva om du treng ekstra tid til å få legge om?

Dersom du framleis ikkje har lagt om til å hente data frå alternativ plass, må du snarast ta kontakt på opnedata@digdir.no . Det er mogleg å få forlenga tilgang for å få legge om hjå verksemda.

Datahotellet er ei open løysing, og det krevs ingen registrering for å bruke det. Difor har vi heller ikkje oversikt over brukarane. Difor legg vi opp til at det er mulig å få forlenge tilgang, for å sikre at dei aller fleste får på plass alternative datakjelder.