Hopp til hovudinnhald

20. mars var det eitt år sidan første versjon av Designsystemet vart lansert. På kort tid har det blitt eit viktig verktøy for å skape betre og heilskaplege digitale tenester.

Laga: 23. mars 2026 Sist endra: 24. mars 2026

Kva har vi fått til så langt?

I tillegg til at Designsystemet blir brukt i Digdir sine fellesløysingar, ser vi stor interesse frå både offentlege og private aktørar som ønsker å bruke det som eit fundament i eigne digitale løysingar.

Saman er vi sterke

Designsystemets community på Slack har vakse frå 0 til over 1300 brukarar, fordelt på meir enn 230 verksemder. Her deler designarar og utviklarar erfaringar, stiller spørsmål og bidreg til vidare utvikling av Designsystemet. Dette fellesskapet er ein viktig del av verdien vi skaper saman.

Reisa til å bli rammeverksuavhengig

Frå lansering har det vore CSS- og React-pakke, men vi har dei siste månadene også utvikla ein fleksibel web-pakke. Dette har gjort det enklare for fleire å ta Designsystemet i bruk, uavhengig av teknologi og rammeverk. Etter at den nye pakken vart tilgjengeleg har fleire store aktørar tatt Designsystemet i bruk i sine løysingar. Skiftet har bidrege til å senke terskelen for adopsjon og gjort Designsystemet meir relevant for eit breiare spekter av verksemder. Dette arbeidet hadde ikkje vore mogleg utan samarbeidet med Mattilsynet. Dei var tidleg ute med å teste dette i eigen verksemd, og stilte også ein utviklar til disposisjon i ein periode for å bidra til å realisere web-pakken i Designsystemet.

Designsystemet uavhengig av rammeverk

Kven bruker Designsystemet i dag?

Designsystemet blir i dag brukt av fleire verksemder i offentleg sektor, og interessa frå private aktørar er aukande. Både utviklarar og designarar tar det i bruk som eit fundament for nye løysingar. Konsulenthus rapporterer at Designsystemet gir betre framdrift i prosjekt og enklare oppstart i nye oppdrag.

Nokon byggjer eigne designsystem for verksemdene på toppen av Designsystemet, som til dømes UDI, Riksrevisjonen, Politiet, Innovasjon Norge, KS Digital, Norsk helsenett og mange fleire.

Andre bruker det direkte inn i sine digitale løsningar, som Avinor, Tolletaten, Enova og Brønnøysundregistrene. Av private aktørar har mellom anna Røde kors og Aibel tatt det i bruk for å bygge sine designsystem.

Samfunnsøkonomisk analyse

Hausten 2025 var det gjennomført ein samfunnsøkonomisk analyse. Denne viser betydelege gevinstar når verksemder bruker Designsystemet til å utvikle digitale tenester. Dette gjeld særleg i form av frigjort tid i design- og utviklingsarbeid. I tillegg kjem betre kvalitet i dei digitale tenestene. Netto noverdi for det tilrådde konseptet i analysen var 3 154 millionar kroner, med ei netto noverdi per investert krone på 10,2.

Digitalt fellesgode

I 2025 vart Designsystemet anerkjent som eit «Digital Public Good» og gjort tilgjengeleg som eit ope digitalt fellesgode gjennom FN-initiativet Digital Public Goods Alliance.

Kva er fokus framover?

No er førsteprioritet å forvalte og drifte Designsystemet på ein god måte. Vi vil følgje opp feil og forbetringar som blir melde inn og jobbe kontinuerleg med forbetringar. I tillegg har vi fokus på å gjere det endå enklare å ta Designsystemet i bruk, og sikre høg kvalitet og god tilgjengeligheit i alt Designsystemet tilbyr.

Ein avgjerande faktor for å lukkast vidare er å halde fram med tett samarbeid med fleire aktørar på fleire nivå, mellom anna det tverretatlege kjerneteamet som saman forvaltar og vidareutviklar Designsystemet. Les meir om korleis samarbeidet fungerer her.

Takk til alle som deler og bidreg

Vi set stor pris på alle som snakkar om Designsystemet eksternt og bidreg til å utbreie bruken av det. Jo fleire som tek det i bruk, jo meir lik interaksjon og åtferd får vi på tvers av digitale tenester.