Hopp til hovudinnhald

Dette er Designsystemet

Designsystemet gjer det enklare å lage tilgjengelege, samanhengande og brukarvennlege digitale tenester. Med felles komponentar, mønster og verktøy kan verksemder spare tid, oppfylle krav til universell utforming og skape gjenkjennelege brukaropplevingar.

Laga: 26. november 2026

Ønsker du å sjå dette innhaldet?

Då treng vi samtykket ditt.

Kva er Designsystemet?

Designsystemet er ei samling av gjenbrukbare byggeklossar for utvikling av digitale tenester. Byggeklossane er uavhengige av rammeverk og passar saman med teknologien verksemda allereie har. Designsystemet har open kjeldekode og er gratis, slik at både offentlege og private verksemder kan bruke og vidareutvikle det.

De kan bruke heile Designsystemet eller berre dei delane som passar behova i verksemda dykkar. Dei fleste verksemder bruker det som fundament og bygger vidare med eigne komponentar, mønster og retningslinjer, tilpassa eigne behov og eigen visuell profil.

Målet er ikkje at alle tenester skal sjå like ut, men at dei viktigaste interaksjonane, til dømes å fylle ut eit skjema, skal fungere på ein kjend og føreseieleg måte. Kvar verksemd beheld sitt eige visuelle uttrykk.

Kva består det av?

Designsystemet består av fleire delar som kan brukast saman eller kvar for seg.

  • UI-komponentar er grunnleggjande byggeklossar for brukargrensesnitt, som knappar, avkryssingsboksar og tabellar. Dei finst i Figma, CSS, ein rammeverkuavhengig webpakke og React.
  • Design tokens er variablar for fargar, storleik, kantradius, skuggar og typografi. Dei gjer det enkelt å tilpasse Designsystemet til den visuelle profilen til verksemda, og dei gjer at design og kode bruker same verdiar.
  • Mønster er felles tilrådingar for korleis vanlege oppgåver og interaksjonar bør løysast, til dømes plassering av knappar, feilmeldingar og eksterne lenkjer. Når same mønster vert brukte i fleire tenester, kjenner brukarane att løysingane.
  • Temabyggaren er eit verktøy for å sette opp eit eige visuelt tema. Den lagar fargeskalaen ut frå fargane i den visuelle profilen og genererer design tokens for bruk i både design og kode.
  • Kommandolinjeverktøyet (CLI) genererer design tokens ut frå eit tema i ei konfigurasjonsfil.
  • Modes i Figma er førehandsdefinerte innstillingar som gjer det raskt å byte tema, fargeskjema (lyst eller mørkt), typografi og storleik i heile designet.

Designsystemet er eit digitalt fellesgode

Designsystemet er eit digitalt fellesgode og gratis å bruke for både offentlege og private verksemder. Digitale fellesgode gjer at heile offentleg sektor kan arbeide meir effektivt. Stat og kommune slepp å bygge eigne løysingar for same behov, og kan i staden gjenbruke felles løysingar. Det reduserer kostnadane og frigjer ressursar til å utvikle betre tenester. Innbyggarar og næringsliv får dessutan ei meir heilskapleg digital oppleving når dei treng tenester frå det offentlege.

I 2025 vart Designsystemet anerkjent som «Digital Public Good» og gjort tilgjengeleg som eit ope digitalt fellesgode gjennom FN-initiativet Digital Public Goods Alliance. Anerkjenninga betyr at løysinga oppfyller krava til openheit, gjenbrukbarheit og relevans for berekraftsmåla til FN. Dermed er løysinga ein del av eit register som gjer den fritt tilgjengeleg for land, organisasjonar og verksemder over heile verda.

Kven står bak?

Digdir forvaltar Designsystemet, men vi utviklar det saman med fleire offentlege verksemder. Over 300 verksemder deltek i fellesskapet. Les om korleis verksemda kan bli med i utviklinga av Designsystemet.

Kven kan bruke det?

Designsystemet er for alle som lagar digitale tenester, både offentlege og private verksemder. De kan bruke det i løysingar som er retta mot innbyggarar og kundar, og i interne fagsystem.

Fleire verksemder i offentleg sektor bruker Designsystemet, og interessa frå private aktørar aukar.

  • Nokre bruker komponentane direkte i løysingane sine, til dømes Avinor, Tolletaten, Enova og Brønnøysundregistera.
  • Andre bygger eit eige designsystem på toppen, til dømes Utlendingsdirektoratet, Riksrevisjonen, Politiet, Innovasjon Norge, KS Digital og Norsk helsenett.
  • Blant private aktørar har mellom andre Røde Kors og Aibel teke det i bruk for å bygge eigne designsystem.

Fleire andre verksemder bruker også Designsystemet, mellom anna Mattilsynet, Utdanningsdirektoratet, Arbeidstilsynet, Kystverket, Landbruksdirektoratet og fleire kommunar.